-3 °C Stjørdal, NO
26/01/2021

Header-Bingo
SparHegra uke 04

Får besøk av Kjartan Fløgstad

Skal fortelle om sine fem siste bøker

- 9. januar kjem Kjartan Fløgstad til Kimen, seier leiar Lars Moa i Stjørdal Mållag. – 9. januar kjem Kjartan Fløgstad til Kimen, seier leiar Lars Moa i Stjørdal Mållag.

«Litteratur i krigen – Krig i litteraturen» vert overskrifta når Kjartan Fløgstad fortel om dei fem siste bøkene han skreiv.

Invitasjonen til Kimen laurdag 9. januar kjem frå Stjørdal Mållag og Stjørdal Bibliotek. Endeleg vert det ein litteraturkveld igjen. Det vert eit spanande møte med forfattaren Kjartan Fløgstad i Vektersalen. Veteranen mellom norske forfattarar vart fødd i Sauda i 1944.

I ein kort periode studerte Fløgstad arkitektur ved NTH i Trondheim. Men  han skifta over til litteratur og språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Han har vore industriarbeidar i heimbyen Sauda og sjømann på eit lasteskip som segla mest på Sør-Amerika.

Bok nummer ein i 1968

Forfattardebuten kom med diktsamlinga Valfart i 1968 og omfattar lyrikk, noveller, ei lang rekke romanar, krimromanar, essaysamlingar og ulike former for sakprosa, i alt om lag 50 bøker.

Det er tre år sidan Fløgstad besøkte Stjørdal.

Denne gongen skal han ta for seg dei fem seinaste bøkene sine under overskrifta «Litteratur i krigen – Krig i litteraturen».

Kva står att?

I desse bøkene har han stilt spørsmålet om kva som står att frå det han kallar Arbeidarklassens hundreår.

Svara har han gitt i form av essay om det høge og låge i kulturen, som i boka Etter i saumane frå 2016. Trans-Sovjet ekspress(2017) er ei reiseskildring gjennom ruinane som står att etter Sovjet-kommunismen.

Gjennom heile forfattarskapen har Fløgstad skrive songtekstar som er tonesette av mange komponistar og gjengjeve i Sandharpesongar (2018). Romanen Due og drone (2019) handlar både om det korte hundreåret 1914-1991 og den nye kalde krigen i våre dagar, medan På æren løs frå 2020 er ei historisk undersøking av kva norske forfattarar sto for under og etter den andre verdskrigen.

Les forrige sak:
Hund kom til rette

Syv måneder gammel Pointer var savnet

Close