8 °C Stjørdal, NO
15/06/2021

Inviterar til eit bad utan vatn

Skal samtale om knokkelknasande krim og dunmjuke dikt

Stjørdal bibliotek. Foto: Bibliotekdame Stjørdal bibliotek.

Mandag 10. mai vert det bad utan vatn i Kimen! Bibliotekar Solfrid Vestli skal prata med Lars Moa i bokbad i biblioteket.

Det vert ein samtale om knokkelknasande krim og dunmjuke dikt.

Lars Moa har fra 2001 omsett færøysk skjønlitteratur.

Den tidlegare læraren ved Stokkan ungdomsskole har fått utgitt 21 færøyske bøker på norsk, alt frå knokkelknasande krim til dunmjuke dikt.

​Det er eit svært sjeldan yrke å vere omsettar av færøysk litteratur til norsk. Lars Moa er nemleg den einaste aktive av sorten i Noreg for tida. Og aktiviteten har vorte lagt merke til: I 2007 fekk han Noregs Mållags målblome, i 2011 Alfred Andersson-Rysts pris og i 2020 Trønderlagets målpris. Og han var på kortlista til Kritikarprisen i 2007 og Bastianprisen i 2014.

Sjølve Færøyane er ikkje så stort. Den færøyske forfattaren William Heinesen skreiv om øygruppa i havet som sandkorn på eit ballsalgolv. Innbyggartalet er på vel 50.000. Men i høve til folketalet har landet imponerande mange, og gode,  forfattarar.

Gjennom nybrottsarbeidet til Lars Moa er denne litteraturen gjort tilgjengeleg for norske lesarar.

Det er gratis inngang til Stjørdal Mållag og Stjørdal bibliotek sitt bokbad.

Les forrige sak:
(Illustrasjonsfoto: Marianne Flekstad Johnsen)
Mottok klager på bråk og feststøy: – Ikke så mye til å være natt til lørdag

Politiet opplevde det ikke var nødvendig å gripe inn på festene

Close