13 °C Stjørdal, NO
17/08/2018

Løyve til Grøna og Litj-Hena kraftverk

Nardo Bil XC60 – post
Nardo Bil V90 – post
Nardo Bil V60 – post

Sist oppdatert

 

Kraftverka vil samla få ein årleg produksjon på omlag 17,4 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 870 husstandar.

 

Småkraft AS har søkt om løyve til å byggje Grøna kraftverk i Grøna i Tydal. Kraftverket vil få ei installert effekt på 2,9 MW, og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på omlag 7,5 GWh. Landskapet er prega av avrunda fjell- og dalformer, og Grøna renn dels i gjel og mindre forsenkninger. På berørt elvestrekning er det registrert ei bekkekløft med verdi B – viktig.  Nederste delen av Grøna er ei viktig gytestrekning for aure i Mosjøen. NVE har difor gjeve løyve til eit alternativ der kraftverket får utløp ovanfor denne strekninga, slik at fisk ikkje vert råka. 

Franzefozz mai18 banner

 

Litj-Hena kraftverk (SUS) har søkt om løyve til å byggje Litj-Hena kraftverk i Litj-Hena i Tydal. Kraftverket vil få ei installert effekt på 4,8 MW, og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på omlag 9,9 GWh. Litj-Hena har sitt utspring i fjellområdet mellom Tydal og Gauldalen og renn ut i Nea ca. 8 kilometer vest for kommunesenteret i Tydal. Elva renn gjennom skog og er lite synleg i landskapet. På austsida av elva går det ein skogsbilveg som passerer like ved planlagt inntak. Det er registrert ei bekkekløft med lokal verdi (C) på berørt elvestrekning. Det er ikkje funne raudlista artar som er knytt til elvestrengen.

 

NVE meiner at vassmiljøet knytt til dei to vassdraga kan ivaretakast på ein god måte med slepp av tilstrekkelig minstevassføring heile året. Med dei fastsette vilkåra meiner NVE at fordelane er større enn skadane og ulempene for allmenne interesser ved å bygge kraftverka og gjev difor løyve til Grøna kraftverk og Litj-Hena kraftverk.

Les forrige sak:
Jostein Magne Brevik og sønnen Per Steinar J. Brevik tilbyr juletrær i gågata på Stjørdal.
Gågate med juletrær

Det er som å komme til en småskog i sentrum av […]

Close