9 °C Stjørdal, NO
23/06/2018

Mindre magasintapping enn normalt

Avdelingsdirektør Marit L. Fossdal i NVE.

Sist oppdatert

Lite vatn i magasina førte til låg produksjon og rekordhøg import av kraft i første kvartal. Nedgangen i magasinfyllinga vart dermed mindre enn normalt.

 

– Den knappe ressurssituasjonen fekk vasskraftprodusentane til å verdsette vatnet høgt. Samtidig førte kaldt vintervêr til høg kraftetterspørsel. Dette var med på å utløyse ein rekordhøg import som gjorde at dei norske vassmagasina vart tappa mindre enn normalt, seier avdelingsdirektør Marit L. Fossdal i NVE.

 

Magasinfyllinga var rekordlåg ved årsskiftet 2010/2011. Bakgrunnen for den låge magasinfyllinga ved inngangen til første kvartal i år kan sporast til den tørre og kalde vinteren 2009/2010, og den rekordkalde starten på vinteren 2010/2011. Ved utgangen av kvartalet var fyllingsgraden nede i 18,1 prosent, eller 21,4 prosentpoeng under det normale for årstida.  Det er den lågaste magasinfyllinga som er registret på denne tida av året i perioden 1982 – 2011.

Franzefozz mai18 banner

 

Den norske kraftproduksjonen i første kvartal var 31,7 TWh. Til samanlikning vart det produsert 38,2 TWh i første kvartal 2010. Det nyttbare tilsiget til vasskraftverka var 7,7 TWh i første kvartal i år, og det er 1,9 TWh høgare enn i fjor. Den rekordlåge magasinfyllinga ved utgangen av kvartalet skuldast derfor først og fremst den låge fyllingsgraden ved inngangen til kvartalet.

 

Importrekord

Vasskraftprodusentane var tvungne til å spare på vatnet, noko som gav høg import frå utlandet. Nettoimporten til Noreg var 6,4 TWh i første kvartal. Det har aldri før vore importert så mykje i løpet av eit kvartal. I engrosmarknaden for kraft var spotprisen i dei norske elspotområda rundt 52 øre/kWh. På kontinentet og i resten av Norden låg prisen ned mot 10 øre/kWh lågare. Både i Norden og på kontinentet var det generelle prisnivået høgare enn til same tid i fjor.

 

– Med ein knapp ressurssituasjon og stor kraftetterspørsel er det ikkje uventa at prisnivået i kraftmarknaden vert høgt. For Noreg sin del har prisnivået vore ein viktig føresetnad for den høge nettoimporten vi hadde i første kvartal, påpeikar avdelingsdirektør Marit L. Fossdal i NVE.

 

Høgt kraftforbruk

Kraftforbruket i første kvartal i år var 38,1 TWh, som er det fjerde høgaste nokon gong. Samanlikna med same kvartal i fjor var det likevel ein nedgang på 6,2 prosent. Denne vinteren var ikkje like kald som den føregåande, og det er derfor naturleg at forbruket i år vart noko mindre enn i fjor. Både januar- og mars månad var mildare enn normalt i det meste av landet. Det temperaturkorrigerte forbruket i allminneleg forsyning var 29,9 TWh, ein nedgang på 3,8 prosent i forhold til i fjor.

 

Det høge prisnivået er ei medverkande årsak til at kraftforbruket i første kvartal i år vart noko mindre enn til same tid i fjor.  Høge prisar er eit signal til forbrukarane om at tilgangen på kraft er knappare enn i ein lågprisperiode.

Les forrige sak:
Gradvis soling gir beskyttelse

  Soling gir større beskyttelse mot solen Ved å la huden […]

Close