11 °C Stjørdal, NO
04/08/2020

Snømørkt i Ekne kirke

| |

Elisabeth Matheson var og regissør for framsyninga. Ho fortel om vegen fram, drivkrafta i historien og kva som fekk så mange menneske til å skape dette store prosjektet saman. Rundt teaterproduksjonen voks det fram fredseminar, utstilling, skoleprosjekt og kortfilm. Filmen blir og vist under foredraget. Eit nøkkelspørsmål i arbeidet har vore: Kva er det som gir levekraft når håp knusast? Falstadsenteret tar imot publikum sundag 17.november kl 17.00. Mellom foredrag og konsert kan ein kjøpe mat i restauranten på Falstadsenteret.

Teaterstykket ”Snømørkt” vart framført for fulle hus i Selbu kyrkje i februar og mars 2013, og i Ila kyrkje under Olavsfestdagane i Trondheim i august 2013. Elisabeth Matheson hadde manus og regi. Terje Bjørklund komponerte musikken. 20 skodespelarar og 3 musikarar fortalde historia om familien Morset sin motstandskamp under 2. verdskrigen. Historia vart fortald i kyrkjerommet fordi ho der går inn i ein større samanhang: Eit menneske kan bli bærar av skyld sjølv om det har handla godt. Vegen gjennom liding og offer kan føre til siger og fred, om mennesket er i stand til å ta imot og gje tilgjeving. For 70 år sidan var det vi som var flyktningane. Vi flykta austover. Sola står opp i aust.  Altaret ligg alltid i aust. Der ligg håpet.

Terje Bjørklund konsentrerte komposisjonen rundt dei 6 gamle katolske messeledda. Desse tekstane frå Bibelen har vorte framførte i 2000 år, på latin og gresk, også i tusen år her i våre heimstadkyrkjer. I ”Snømørkt” spring desse gamle tekstane ut av relasjonane mellom menneska og situasjonene dei opplever. Tekstane kan enno bere fram mennesket sitt rop til Gud.  

Historia om Marit og Peder Morset og dei sju sønene deira har sterk levekraft. Det har vorte utstilling og videoinstallasjon på Rustkammeret i Erkebispegården i Trondheim, kortfilm og foredrag. Terje Bjørklund sin komposisjon gir rom for improvisasjon. Difor valde han desse  tre musikarane  til ”Snømørkt”. Bergmund Skaslien har skrive ”Snøkrystallar” og ”Brevet”.

I konsertversjonen fortel Elisabeth Matheson historia slik ho tenkjer seg at Marit Morset, mor til sju gutar, kunne ha fortald. Om ho hadde hatt ord. Og tid. Marit Morset døydde i 1948. 53 år gammal.

Peder Morset og sonen Helge Morset satt begge på Falstad. Falstadsenteret var samarbeidspartnar til ”Snømørkt” og er arrangør av denne konserten.

Les forrige sak:
|
B-brygga på plass hos Stjørdal Båtforening

Stjørdal Båtforening sikter seg inn på et topp moderne anlegg for […]

Close