3 °C Stjørdal, NO
18/11/2018

Vant 14,4 millioner – heilt toillat!

Sist oppdatert

 

 

Etter fire anrop på mobilen skjønte nok stjørdalskvinna at det var nokon som ivra etter å få tak i ho. Og etter å ha sjekka nummeret hos opplysingen skjønte ho at det kunne vera lurt å ringe opp igjen.

 

Ho hadde ikkje retta kupongen eller viste kor mykje som var i førstepremien denne laurdagen. Men spenninga formelig dirra i telefon da Norsk Tipping kunne informere ho om at ho var aleine om å ha sju rette i Lotto…

 

– Kan du seia summen ein gong til, ba ho pent etter å ha fått høyre at 14.365.050 kroner var på veg inn på konto. På førehand hadde ho fått beskjed om å sette seg ned.

 

Kvinna, som er i 60-åra, vart naturlegvis både overraska og glad. Kva pengane skal gå til er enno ikkje klart, men ho slo fast at dei skulle ho ikkje «toill bort».

 

– Mannen min har no snakka om at sjansen for å vinne i Lotto er som å treff ei bøtte langs skinnegangen mellom Oslo og Bergen, eller kva det no var. Og eg har no ikkje hatt for vane å treff bøtta, ler den ferske mangemillionæren frå  Stjørdal.

 

Kvinna, som ønskjer å vera anonym, har alt takka ja til tilbodet om økonomisk rettleiing frå Norsk Tipping. Ho hadde kjøpt det innbringande spelet sitt hos Coop Mega Stjørdal.

 

Her er dei vinnartala for trekninga laurdag 06.08:

2 – 6 – 13 – 14 – 16 – 19 – 23

Tilleggstal: 4 – 11 – 31

Kilde: Norsk Tipping

Les forrige sak:
Mer om Selbumålet

  1927-modellen Ingulv Røset holder koken som forfatter og samler av […]

Close