11 °C Stjørdal, NO
16/11/2018

Vil ikkje gi ut Jon Leirfall-biografi

Historikeren Kjell Håve har skreve ein biografi på 300 sider om Jon Leirfall. Vil Det norske samlaget gje han ut?

Sist oppdatert

 

Sogebøkene til Jon Leirfall og Audun Hetland var årsaka til at Det norske samlaget ikkje gjekk konkurs på 70-talet, sa ein tydeleg rørt Andreas Skartveit i sitt foredrag under markeringa av 110-årsdagen til Jon Leirfall i den gamle skolestua i Hegra hausten 2009.

Den tidlegare forlagsdirektøren i Samlaget var heilt klår på det punktet, suksessen til bøker som Så seier soga, Soga om det store mannefallet  berga forlaget. I tillegg kom bøker som Vest i havet og Tusen år på Man ut på Samlaget.

I lys av dette er det merkeleg at Det norske samlaget no vegrar seg mot å gi ut biografien om Jon Leirfall. Journalist Kjell Håve presenterte under det same jubileumet sitt arbeid med ein Leirfall-biografi. At det og skulle vise seg at Samlaget refuserte boka med den grunngjevinga at dette ikkje var lett å selje, vart kommentert som merkeleg og uklokt av mange av dei som var til stades under jubileet.

I ettertid har vi i Stjørdal mållag valt å følgje opp denne saka, fordi vi meiner at Samlaget har eit moralsk ansvar for å gi ut denne biografien. Det med salspotensialet er det og fleire meiningar om; mange her i landet hugsar enno med glede dei humoristiske sogene frå Storting og styringsverk, dessutan minnest  den skarpe tunga til Jon Kvasstunge både lokalt og nasjonalt.

Det vart laga ei liste med argument for at Samlaget skulle gi ut boka, og det var mange som skreiv under.  Både målfolk, politikarar, medlemmar i historielag, bondelag og bygdekvinnelag signerte dette skrivet som så vart sendt til Det norske samlaget.

Etter lang tide kom så svaret frå Samlaget: ”Sjølv om vi skulle få til ei delfinansiering av prosjektet via dykk, er salspotensialet for ei slik bok lågt, og vi må dessverre melde at vi innafor dei redaksjonelle rammevilkåra Samlaget rår over, ikkje finn å kunne prioritere utgivinga.”

Stjørdal mållag vil sjølvsagt ikkje bestemme kva for bøker Samlaget skal gi ut, men vi meiner framleis dei for lett flyg frå sitt moralske ansvar i denne saka. Difor meiner vi i Stjørdal mållag at fleire bør få kjenne til dette og eventuelt seie meininga si.

Stjørdal, 5. mars 2011
Robert Skrede, leiar i Stjørdal mållag

Oppropet har samla støtte:

For Stjørdal kommune:
Ordførar Johan Arnt Elveru (s.)

Trønderlaget:
Gunvald Bøe (s.)

Stjørdal Senterparti:
Hans Skjervold (s.)

Tidligere stortingsrepresentant:
Johan J. Jakobsen (s.)

Hegra historielag:
Gunnar H. Kyllo (s.)

Stjørdal historielag:
Kjell E. Pettersson (s.)

Lånke historielag:
Terje M. Julseth (s.)

Skatval historielag:
Johan L. Fløan (s.)

NT historielag:
Johan Solheim (s.)

Hegra Bondelag:
Jon M. Bremseth (s.)

Lånke Bondelag:
Geir Hagen (s.)

Skatval Bondelag:
Lars Fløan (s.)

Stjørdal Bondelag:
Helge Kyllo (s.)

Hegra Bygdekvinnelag:
Anne Grethe Wedul (s.)

Lånke Bygdekvinnelag:
Dordi Danielsson (s.)

Stjørdal Bygdekvinnelag:
Rita Daverdin (s.)

Skjelstadmark Bygdekvinnelag:
Anne Brit Raaen (s.)

Skatval Bygdekvinnelag:
Desirée Hegge (s.)

Les forrige sak:
Cruise Control til Uptown i helga!

  Til Uptown i helga Etter mange år med aktivt musikkliv, […]

Close